For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Fannaråki (2068 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Sognefjellshytta, 2687, Bøverdalen
Fanaråken_Ove Nestvold

Om

TOPPTUR TIL FANNARÅKI/FANARÅKEN (2068 m.o.h)

Fanaråken er sjølvaste signaturtoppen oppe på Sognefjellet. Med sin langstrakte, flate rygg, er det ein topp ein lett kan kjenne att. Fannaråken har Noreg sin høgaste overnattingsplass, med DNT si hytte på toppen, som er betjent i sumarhalvåret.

Beste utgangspunkt: Storfonni på Sognefjellet (1430 moh).
Høgdeforskjell: omlag 650 meter
Tidsbruk: 4-6 timar (tur- retur)

Ver obs på: Rasfarlege skavlar ut mot breen - stedvis bratt terreng.
Utstyr: Normalt toppturutstyr + isøks, stegjern og skarejern. Vurder breutstyr.
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark og randonnée. Fjellski er best frå Krossbu. Lang anmarsj og flate partier gjer turen lite egna for snowboard
Klassifisering: 
Opp: Krevjande
Ned: Krevjande
Vegval: Vurderings- og navigasjonskrevjande
 

Fannaråki er eit fjell på Sognefjellet i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Like ved toppunktet, som ligg 2 068 meter over havet, finn du Fannaråkhytta som er ope sommarstid, som Noregs høgastliggande overnattingsstad.  

Er du glad i fjellet, og glad i å gå på ski, så er Fanaråken ein topp som absolutt anbefalast. Utgangspuntket er Sognefjellet. Er det påske, går turen frå Sognefjellshytta, litt sørover etter sommerruta og burt på sørsida av Presteinsvatnet. Fortset så innover mot Tavla og opp på Fanaråkbreen. Er det vårski etter at vegen har åpna, er det dammen ved Preststeinsvatnet som er det vanlegaste utgangspunktet. Kryss over på damkrona og søk deg bort på breen. Frå her blir ruta lik, uansett utgangspunkt. Neste referanse blir den lange breryggan såm går nedetter frå Fanaråken sin venstre side. Breen er rimeleg trygg, med lite bevegelse og normalt mykje snø.

Av og til kan sumarruta opp på ryggen her benyttast, men den aller vanlegaste vegen på ski, er over denne ryggen og ut på «baksida», der denne traverserast eit stykke ned. Ta deg sørover mot ryggen der sumarruta frå Skogadaslbøen kjem opp. Her får du ei bratte til du er oppe på vel 1900 moh. Da flatar ruta ut, og du har det flotte skråplatået framfor deg. Frå her går det lett opp og burtover til toppen.

Ei fantasktisk utsikt er lønna for «slitet» opp. Jotunheim og Breheim på alle kantar. Du har også orkesterplass til Skagastølstindane, med sine høge toppar og hengande brear. Spektakulært! Returen går etter same rute som oppturen.

Rådfør deg gjerne med kjente fjellfolk før du tek turen.

Kart

Veibeskrivelse

Åpningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.