For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Besshøe (2258 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Vågå, 2680, Vågå

+4761212990

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Besshøe, 2258 meter midt i biletet. Foto:Jarle Wæhler/  Statens vegvesen

Om

Besshøe (2258 m.o.h.) er den dominerande kjempen som ligg ved Gjende og ruvar over både Besseggen og Knutshøe. Dette er ein fin og enkel skitopp med fantastisk utsikt over store delar av Jotunheimen, og fin nedkjøyring på ski.

Beste utgangspunkt: Frå Bessheim (964 moh) eller Gjendesheim (1008 moh.) Turen kan og gåast frå Memurubu (1008 moh.)
Høgdeforskjell:  Ca. 1200 høgdemeter
Lengde: ca. 16 kilometer totalt.
Antatt tidsbruk: 7-8 timar tur-retur 
Ver obs på: Bratte stup på alle kantar av toppen. Merk at sommarruta til Besshøe går i eit rasfarleg område.
Utstyr: Normalt toppturutstyr 
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark og randonée. 

Dessutan er toppen Besshøe fyrste etappe på Høgruta i Jotunheimen, ein 5-dagars skitur over brear og fleire 2000-meters toppar i Jotunheimen.

Turen til Besshøe startar frå ei av dei to turisthyttene Bessheim eller Gjendesheim ved Valdresflye. Oppstigninga tek til med ein gong, og det er omtrent 400 høgdemeter opp til utløpet av Bessvatnet, som ligg 1373 m.o.h. mellom Veslefjellet og Bukkehøe. Følg stikka løype.

Frå her har du to alternativ:

1) Kryss over Bessvatnet (når isen er trygg!) og sikt deg inn mot Grotåe. Følg denne oppover før du dreier sørvestover mot "Brue" og vidare innover topplatået til varden på toppen. Ver obs på skredfare opp Grotåe!

2) Etter å ha passert Bessvatnet, fortsett rett fram gjennom skaret til høgre for Bessheimrundhøe. Sving inn mot venstre og vestover i stigande terreng bak Bukkehøe og over markert morenerygg. Sving mot høgre på moreneryggen slik at du held høgda inn på breen. Skrå opp på breen mot venstre som du kryssar diagonalt opp ein til smal rygg. Derifrå tung motbakke til toppen. Vanlegvis er det best å gå på ski heilt opp.

Ver forsiktig på nedturen. Besshøe har bratte stup ut på alle kantar, men utsikta er formidabel. "Under" deg ser du Knutshøe og Besseggen i sør, og bak der; Bitihorn, Rasletind, Bukkehåmåren, Kvassryggen, Høgdebrotet og Tjønnholstinden.

Turen kan òg gåast frå Memurubu: Frå Memurubu følgjer du fyrst stien i retning Bess­eggen. På eit lite høgdedrag, omtrent rett sørvest for toppen, er det greit å forlate stien. Herfra følger du sørvest­ryggen i retning toppen.

 

Kart

Veibeskrivelse

Veibeskrivelse til kollektivtransport

Besshøe er ein populær skitur, spesielt på ettervinteren og våren. Bessheim og Gjendesheim er tilgjengeleg med bil frå nord heile vinteren. Valdresflya er vinterstengt, men opnar over heile fjellet ca. 1.april

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Sjå meir

Gjendesheim turisthytte DNT, VågåGjendesheim er vakkert plassert ved de viktigste innfallsportene til den østlige delen av Jotunheimen, og eit naturleg startpunkt for turar over Besseggen.

Nasjonal turistveg Valdresflye (FV 51), VågåNasjonal turistveg Valdresflye, fylkesveg 51, går mellom Garli og Hindsæter med avstikkar til Gjende.

Memurubu | Turisthytte, LomTuristhytta Memurubu ligg langs Gjende i Jotunheimen, og er det mest brukte startpunktet for turar over fjellryggen Besseggen.

Gjendebu turisthytte DNT, LomGjendebu ligg flott til i den innerste enden av Gjende, midt i hjertet av Jotunheimen - krinsa av flust av 2000-meterstoppar som innbyr til råe fjellturar med mektig utsikt.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no