For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Besseggen vintertur

TypeTopptur vinter

Gjendevegen 200, 2683, Tessanden
Besseggen vintertur_Mari Wedum

Om

Har du sett den Gjendin-eggen nokon gong - kledd i kvitt? Kvart år går nærmare 60.000 den klassiske fjellturen over Besseggen i Jotunheimen. Om vinteren kan du ha eggen for deg sjøl.

Beste utgangspunkt: Bessheim eller Gjendesheim
Høgdeforskjell: Ca.743 meter
Antatt tidsbruk: 8-9 timer (tur-retur). Totalt 20 km. 
Ver obs på: Det kan vere isete og glatt oppover sjølve eggen. Isøks og stegjern kan vere lurt. 
Utstyr: Normalt toppturutstyr + isøks, stegjern og evt. skarejern 
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, randonnée og fjellski.
Vanskelighetsgrad: 
Opp: Middels
Ned: Middels
Vegval: Over Bessvatnet til "bandet", vidare oppover sjølve eggen, og ned att til startpunktet.
 

Besseggen ligg aust i Jotunheimen, mellom vatna Gjende og Bessvatnet. Turen startar med ski på føtene ved Gjendesheim eller frå Bessheim via Bessvatnet, innsjøen som ligg 1374 meter over havet og som vanlegvis er kjend for si klare blåfarge som står i sterk kontrast til det grøne Gjendevatnet på andre sida av eggen. På denne tida av året; solid kamuflert av eit tjukt og vandringssikkert islag. 

Etter å ha gått over Bessvatnet og opp på «bandet» før sjølve eggen, tek ein skia på sekken opp eggen. Sekken lyt ha system for å feste skia. Stegjern kan vere lurt. Vidare går turen opp til turen sitt høgaste punkt, Veslfjellet (1743 moh.) før nedkjøyring mot Bessvatnet og ned att til startpunktet.

Gira på guida tur over Besseggen?
Ta kontakt med Gjendeguiden.
Førar frå Gjendeguiden tek deg trygt opp eggen, etter anmarsj på fjellski, randonee eller splitboard frå Bessheim via Bessvatnet.

Mrk at turen er krevjande, men dei fleste i normal fysisk form klarer turen. Du må bare være førebudd på følgjande:

- Ein er ute på tur i 8-9 timar.

- Går i underkant av 20 km.

- Har du høgdeskrekk så skal du ta turen om sommaren, før du vurderar å melde deg på vinterturen.

- Været forandrar seg fort i høgfjellet og det kan vere alt i frå t-skjorte-temperatur ned til -32.

- På sjølve Besseggen er det som oftast nokså bart. Men dersom det er nysnø eller isete må du vera forsiktig.

Kart

Veibeskrivelse

Åpningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.