For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Bakarste Skagsnebb (2093 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Leirdalsvegen, 2687, Bøverdalen

+4761212990

Product Image
  • Product Image
  • Topptur, bakarste skagsnebb, Jotunheimen
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Topptur, bakarste skagsnebb, Jotunheimen

Om

TOPPTUR TIL BAKARSTE SKAGSNEBB (2093 m.o.h.) – Spennande topp med flott skikøyring og rå utsikt! 

Ryggen opp til Bakarste Skagsnebb er luftig, og for å kome heilt til topps, lyt ein over eit par bratte hammarar.

Beste utgangspunkt: Geitsetre i Leirdalen
Høgdeforskjell: Ca. 1100 meter
Tid:  5-7 timar, der  ca. 30 min. retur
Ver obs på: Skredfare frå Skagsnebb si nordrenne. Utglidningsfare frå toppryggen
Utstyr: Normalt toppturutstyr + isøks, stegjern og skarejern. Breutstyr må vurderast.​​​
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, randonnée, snowboard og fjellski (Det er anbefalt å legge att skia ca. 80 høydemeter frå toppen.​​​​​​)
Klassifisering:
Opp: Middels til krevjande
Ned: Middels til krevjande
Vegval: Logisk/noke vurderings- og navigasjonskrevjande
Brattaste parti: Inntil 30° 

Kryss elva Leira over Geitbrua, og følg det ca. 25 grader bratte terrenget oppover. Området mellom Hurra og moreneryggen på venstre side er normalt lettgått. Over Hurrbrean held du til venstre for sprekkområdet midt på breen. 

Sett kursen mot ryggen som bind saman Hurrbreatinden med Bakarste Skagsnebb. Dei fleste vel å setje att skia her, før ein klyv ryggen heilt til topps. Vel du å klyve ryggen rett på, må du klyve to hammarar og eit lite sva som kan vere krevjande med skisko. Ynskjer du å unngå denne utfordringa, er det mogleg å gå det bratte skaret rett sør for ryggen/hamrane.

Nedkøyring same veg som bestigning, der det er viktig å unngå sprekkområdet midt på breen.

Rundtur og brattkjøyringsalternativ:
Rundtur er og mogleg ved å følge ryggen vestover i retning Hurrbreatinden, og deretter køyre ut på Veslbrean. I øvste del av Veslbrean er det viktig å halde seg inn mot Bakarste Skagsnebb, da motsatt side er bratt og oppsprukke. Følg deretter Veslbrean attende til vegen i Leirdalen, og kryss elva Leira over Geitbrua. Ver merksam på skredfara frå Storbreahøe sin nordvegg.

VIKTIG INFORMASJON
Kryssing av elv: Om våren vert elva Leira kryssa av mange, ofte på små område der det ligg att snø. Snøsituasjonen nede i dalen varierar frå år til år, og det er difor uvisst kor lenge dette er forsvarleg. Det er viktig å gjere grundige vurderingar før du kryssar eit snøfelt over elva. Er du i tvil, vil ein omveg vere beste alternativ.

Parkering: Skagsnebb, Bakarste Skagsnebb, Veslbreatinden, Storbreahøe og Veslfjelltinden er turar som startar ved Geitsetre, og kryssing over Geitbrua. Geitsetre ligg ca. 5 km inn i Leirdalen etter avkøyring frå riksvei 55. Det er normalt greit å parkere på vegskuldra og naturlege «lommar» i terrenget.

Meir info? Alle turbeskrivingar frå Leirdalen er skreve av Per-Arne Andersen, og er henta frå boka «På tur – Leirvassbu». Kart med inntegna ruter kan kjøpast på Leirvassbu.


 

Kart

Veibeskrivelse

Veibeskrivelse til kollektivtransport

VIKTIG INFORMASJON Kryssing av elv: Om våren blir elva Leira kryssa av mange, ofte på små områder der det ligg att snø. Snøsituasjonen nede i dalen varierer frå år til år, og det er difor uvisst kor lenge dette er forsvarleg. Det er viktig å gjere grundige vurderingar før du kryssar eit snøfelt over elva. Er du i tvil, vil ein omveg vere beste alternativ.

Parkering: Skagsnebb, Bakarste Skagsnebb, Veslbreatinden, Storbreahøe og Veslfjelltinden er turar som startar ved Geitsetre, og kryssing over Geitbrua. Geitsetre ligg ca. 5 km inn i Leirdalen etter avkøyring frå riksvei 55. Det er normalt gode greit å parkere på vegskuldra og natuelge «lommar» i terrenget.

Meir info? Alle turbeskrivingar frå Leirdalen er skreve av Per-Arne Andersen, og er henta frå boka «På tur – Leirvassbu». Kart med inntegna ruter kan kjøpast på Leirvassbu.

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no