For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Tidsaksen | Geologisk vandring i Lom

TypeSightseeing

2686, Lom

Sjekk tilgjengelighet forTidsaksen |  Geologisk vandring i Lom (Åpnes i et nytt vindu)

+47 61 21 29 90

Tidsaksen_Fossheim steinsenter
  • Tidsaksen_Fossheim steinsenter
  • Tidsaksen_Fossheim steinsenter
  • Tidsaksen_Fossheim steinsenter
  • Tidsaksen_Fossheim steinsenter
  • Product Image
  • Product Image

Om

Tidsaksen tek deg med på ei vandring gjennom Jordas historie gjennom 4 600 millionar år - midt i Lom nasjonalparklandsby.

Tidsaksen er den fyrste av sitt slag, og opna i 2010. Det er satt opp 30 skilt (informasjonar på norsk, eigen folder på engelsk og tysk gratis på steinsenteret) og 15 store steinar plasserte på rett stad i utviklinga. I ein eigen monter inne på Fossheim Steinsenter er dei eldste bergartane og livsformene på Jorda stilte ut.

Det er den kilometerlange Bergomsrunda* som er arenaen for denne kunnskapsvandringa gjennom geologien, der kvar meter du går dekkjer 4,6 millionar år. Det heile startar rett utanfor steinsenteret med ein bit av den 4.6 milliarder år gamle meteoritten frå Meteor Crater i Arizona, USA. Derifrå beveger ein seg frå den eine geologiske godbiten til den neste, og like ved sentrum finn ein ei stor, vakker blokk peridotitt fra Åheim. Vidare over brua til ei stor og vakker blokk med stromatolitter fra Marokko, det fyrste liv. 

Saman med spanande bergarter, er det teikna vakre illustrasjonar på dei forklarande skilta langs tidsaksen. Brosjyra om tidsaksen er omsett til engelsk og tysk, og gjev utfyllande informasjon langs vandringa. Etter å ha vandret gjennom Nordal camping vender kursen igjen mot steinsenteret. Er du på veg til eller forbi Lom, har du nå enda ein grunn til å ta ein ekstra stopp, og  utvide ditt geologiske tidsperspektiv ved å vandre langs tidsaksen.

*Bergomsrunda er ein triveleg rundtur til fots i nasjonalparklandsbyen, Lom sentrum. Runda bitt saman sentrum og attraksjonane på ein god måte og du får med deg alt som er verd å sjå. Runda er ca 2,5 km lang.

Lom sentrum, Fossbergje, er ein av fem tettstadar i Noreg som har status som nasjonalparklandsby, og er ein naturleg innfallsport til nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen. Nasjonalparklandsbyen ligg flott til under mektige Lomseggen. Midt i sentrum renn elva Bøvra kvit og vill utfor Prestfossen.

Meir info om Bergomsrunda

Kart over Bergomsrunda

Kart

Sjå meir

Turtips: Lomseggen – topptur frå Lom sentrum, LomOpplev majestisk utsyn over tre nasjonalparkar frå Lomseggen.

Tourist information in Lom National Park VillageVisit Jotunheimen | Turistinformasjonen i Lom, LomTuristinformasjonen i Lom finn du på «Nilsbue» ved rundkøyringa midt i Lom sentrum. Turistinformasjonen er ope heile året og vi er tilgjengeleg på telefon og e-post.

Fossheim steinsenter | Gratistippen, LomPå utsida av Fossheim steinsenter kan ungar leite etter fine og spesielle steinar i "gratistippen". Her blir det i sesongen dagleg fylt på med spennande steinprøver som du kan plukke med deg heilt gratis!

Turtips: Tronoberget – utkikkstopp frå Lom sentrum, LomTuren til Tronoberget er godt merka frå Lom sentrum, og gjev god utsikt over sentrum og over til Lomseggen.

Fossheim steinsenter | Solhell-hytta, LomSolhell-hytta er ei sjarmerande tømmerhytte til leige midt i Lom nasjonalparklandsby.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no