For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Sagasøyla - Elveseter

TypeMonument

2687, Bøverdalen

Sjekk tilgjengelighet forSagasøyla - Elveseter (Åpnes i et nytt vindu)

+47 61 21 99 00

Sagasøyla ved Elveseter. Foto: Mari Arnøygard Wedum
  • Sagasøyla ved Elveseter. Foto: Mari Arnøygard Wedum
  • Sagasøyla ved Elveseter. Foto: Mari Arnøygard Wedum
  • Sagasøyla ved Elveseter.
  • Sagasøyla ved Elveseter. Foto: Mari Arnøygard Wedum
  • Elveseter hotell. Foto: Mari Arnøygard Wedum
  • Sagasøyla ved Elveseter. Foto: Mari Arnøygard Wedum
  • Product Image

Om

«Sagasøyla», inntil 1992 kalt «Eidsvollsmonumentet», er ei 34 meter høy søyle med skulptur og relieffer påbegynt av billedkunstnaren Wilhelm Rasmussen på 1920-talet. Kunstverket ble fullført og reist i 1992 ved Elveseter turisthotell i Leirdalen, ein sidedal til Bøverdalen i Lom kommune.

Bileta på statuen viser Noreg si historie frå slaget ved Hafrsfjord fram til landet fekk sin grunnlov på Eidsvoll. Ved foten av søyla finn vi kongerekka. Øverst troner ein rytterstatue av Harald Hårfagre, kongen som samla Noreg til eit rike ved Hafrsfjord.

Historia bak "Sagasøyla":
Allereie i 1836 sendte diktaren Henrik Wergeland ut eit opprop til det norske folk om å reise eit minnesmerke over Noregs sjølvstende, Grunnloven i 1814. Monumentet skulle reisast utanfor Noregs storting og skulle ha namnet "Eidsvollsøyla". Bilethoggar professor W. Rasmussen vann konkurransen om utforminga av monumentet.

Søyla si utsmykking representerer Noregs-historia frå landet vart samla til eitt rike i 872 til riksforsamlinga i 1814. Da krigen starta i 1940 var søyla halvferdig i cyanitt, resten modellert i gips. Arbeidet stoppa opp under krigen. Da saken på nytt kom opp i Stortinget, oppsto politisk splitting som dessverre førte til at det vidare arbeidet med søyla stoppa. Søyla vart liggjande i 20 år da Åmund Elvesæter tok initiativ til å få søyla reist att. Etter tre fortvila forsøk for å få plassert den på Lillehammer, så Åmund Elvesæter inga anna muligheit enn å ta saken i eigne hender.

Søyla vart ferdig i slutten av august 1992. Frå grunnfjellet og opp til kongekrona er søyla 40 meter høg. Over bakken - 34 meter.

Kart

Veibeskrivelse til kollektivtransport

Buss Dagleg bussforbindelse om sommaren.

Bil rv 55 - sognefjellsvegen 24 km frå Lom sentrum

Sjå meir

Elveseter with Sagasøyla in front. Elveseter kunst- og kulturhotell, LomDen gamle slektsgarden - og kunsthotellet Elveseter har hatt besøk av turistar heilt sidan 1870-talet, og er eit av dei mest særeigne hotella i Noreg.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no