For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Prestfosstraversen - zipline over Prestfossen - Aktiv i Lom

TypeAndre aktiviteter

Brubakken 2, 2686, Lom
Person på vei over Prestfosstraversen - Aktiv i Lom

Om

Under brua i Lom sentrum har me spent opp ein tyrolertravers som me har døypt Prestfosstraversen, sidan den går utover Prestfossen i elva Bøvra. Ziplinen er ei spektakulær oppleving, med ein foss som spruter og kastar vatn opp mot deg og ei elv som bølgjer seg like under beina dine. Ein tur nedover Prestfossen er ei oppleving; nær alle kliv i land på Nordalsberget med ei intens meistringskjensle og eit breidt smil i andletet! Undervegs kan du vinke til gjestane på Bakeriet i Lom eller på Smak i Lom! Rushet er til å ta og kjenne på! Men la ikkje det skremme deg frå å prøve; Prestfosstraversen er ein snill zipline som dei fleste tør prøve.

Ein tur med Prestfosstraversen er ei oppleving og ei utfordring for dei aller fleste, og den eignar seg godt for både grupper, skuleklassar og den einskilde turist- og besøkjande. Aktiviteten tek heller ikkje lang tid, så dette er ein hyggelig liten sak ein kan ta seg tid til nesten uansett kor travelt ein har det. I skuleferien om sommaren har vi ope kvar dag. Er dykk ei gruppe kan dykk gjerne ta kontakt for å gjera ei avtale eit anna tidspunkt dersom opningstida ikkje høver.

Oppmøte ved Norsk Fjellsenter som ligg på vestsida av brua midt i Lom sentrum.

Pris fra

Pris 195,- NOK

Fasiliteter

Aktiviteter

  • klatring

Prisnivå

  • middels

Sportsaktiviteter

  • klatring

Tema

  • Aktiv ferie
  • For hele familien
  • Naturopplevelser
  • Sport
  • Verdt å besøke

Kart

Veibeskrivelse

Ta av i rundkjøringa i Lom sentrum mot Stryn, så fyrste til venstre inn ved Norsk Fjellsenter.

Åpningstider

Opningstider (23 jun 2018 - 12 aug 2018)
DagTider
Mandag - Søndag10:30 - 17:00
Offentlig Høytidsdag10:30 - 17:00
Opningstider (13 aug 2018 - 19 aug 2018)
DagTider
Mandag - Søndag16:30 - 18:00