For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

På sykkel opp Galdhøpiggvegen til Juvasshytta

TypeSykkeltur

Galdhøpiggvegen, 2687, Bøverdalen

+47 61211550

  • Galdhøpiggvegen på sykkel
  • Landeveissykkel til Juvasshytta
  • Biking to Juvasshytta
  • Utsikt til Raubergstulen frå Galdhøpiggvegen
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Galdhøpiggvegen er ein av Europas tøffaste oppoverbakkar. Vegen ligg i Lom kommune i Oppland, ved foten av Noregs tak - Galdhøpiggen, og innbyr til ein vakker svettefest på sykkelsetet.

Galdhøpiggvegen er Nord-Europas høgastliggande bilveg, tek deg med på ei 15 km lang asfaltert oppstigning i variert natur, frå lun barskog til snaufjell, isbrear og permafrost.

Frå bunn til topp trør du 1400 høgdemeter med ei gjennomsnittleg stigning på 10%. På finvêrsdagar er utsikta spektakulær langs hele vegen, som startar 550 moh. ved Galdesand i Bøverdalen og stig opp til 1841 moh. ved Juvasshytta.

Høgdepunktet for dei fleste er panoramautsikta mellom anna til Galdhøpiggmassivet og Glittertind ved vegens endepunkt. Galdhøpiggvegen er såpass bratt at han tidvis kan virke uendeleg, men du vil neppe angre på at du tok turen når utsikta over isbreen som leder til Galdhøpiggen (2 469 meter over havet) syner seg.

- Dette Noregs svar på Mont Ventoux, i følge tidlegare proffsyklist Ole Kristian Silseth. Er du klar for ei styrkeprøve i vår?

Følgebil?
Etter ca. 5 km ved Raubergstulen er det bomveg med kortbetaling. (100,-/personbil).  Undervegs finn du òg Galdhøpiggen Klatrepark og Storhaugen gard ein liten sving unna. Frå toppen kan du nyte sol, slush og sommarski. 

Historisk attendeblikk:
Den øvre delen av vegen, Raubergstulen – Juvasshytta, vart påbegynt i 1934 av Knut K. Vole, vert på Juvasshytta (1914-1956). Han hadde eit budsjett på 10 000 kr, og ti mann med spade, hakke og trillebår vart engasjert til å gjennomføre utbygginga av vegen, som på denne tida ble kalt Juvasshyttvegen. Få hadde tru på prosjektet om bilveg opp til Juvasshytta, men da den endeleg var ferdig var det mange som nytta seg av den. Vegen gjorde det også mogleg å etablere Galdhøpiggen sommarskisenter som ligger 800 meter fra Juvasshytta, og er svært populært både blant aktive alpinister og andre skikøyrarar.

Det er mykje jobb å vedlikehalde en slik veg. I 2005 utvida Ragnhild Vole (vertinne 1956-2006) vegen med ny, breiare og asfaltert trasé. Vegen er ope frå medio mai til ut oktober med vêrforbehald.

Kart

Veibeskrivelse

Følg FV 55 Sognefjellsvegen frå Lom til Galdesand i Bøverdalen. Stigninga startar ved skilt mot Juvasshytta, Raubergstuen og Galdhøpiggen sommerskisenter.

Opningstider

* Vegen er privateigd og drifta av Juvasshytta. Han er vinterstengd med bom ved Raubergstulen. Dette skjer normalt frå byrjinga av november, og han gjenopnar når Galdhøpiggen sommerskisenter ved Vesljuvbrean opnar i mai kvart år.

Sjå meir

Raubergstulen turisthytte, LomRaubergstulen turisthytte ligg idyllisk til langs Galdhøpiggvegen, ved foten av Norges tak; Galdhøpiggen.

Galdhøpiggvegen - Nord-Europas høgastliggjande bilveg, LomGaldhøpiggvegen, Nord-Europas høgastliggande bilveg, tek deg med på ei 15 km lang asfaltert oppstigning i variert natur, frå lun barskog til snaufjell, isbrear og permafrost.

Coop Marked Bøverdal, LomLokal matbutikk ved oppkøyringa til Galdhøpiggen på veg til/frå Sognefjellet.