For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

På hesteryggen frå Raubergstulen

TypeRidning

Galdhøpiggvegen 64, 2687, Bøverdalen

61 21 18 00

På hesteryggen frå Raubergstulen

Om

Jotunheimen Hestesenter held til på Raubergstulen og her kan du oppleve den vakre naturen under Galdhøpiggen frå hesteryggen. Vi tilbyr fjellridning/tur-ridning for alle, med og utan rideerfaring. Islandshestane våre er gode tur-kameratar, dei er vant til tur-ridning og tek deg sikkert fram i terrenget. Barneriding og lengre turar kan avtalast.

Ta kontakt for program og bestilling.
 

Informasjon om turane:

Alle som rir hjå oss må bruke hjelm. Vi har hjelmar til utlån om dykk ikkje har med
sjølv.

Vi rir stort sett i alt slags vær, ta derfor med gode og varme klede på kalde dagar.
Været forandrar seg fort, ta derfor med ekstra klede sjølv om det er fint når vi starter turen. Det kan og bli kaldt når ein sit roleg på ein hest.

Alle turene våre går i eit flott terreng på fine stigar, det er derfor moglegheit til å gå ved sida av om nokon ynskjer det.

På 2-timersturene og halvdagsturene blir det ei pause på turen, det er derfor mogleg å ta med seg niste og en kaffetermos om dykk ynskjer det. 

Timesturane går i nærområdet rundt Raubergstulen.
Leieturane går langs en grusveg, her kan dykk gå ved sidan av hesten medan nokon rir.

Pris fra

Prisar og turalternativ:

Leietur 15-30 min: Kr. 150,-

Timestur: Kr. 250,-

2 timer: Kr. 450,-

Halvdagsturar, ca 3 timer: Kr. 650,-

Halvdags familietur: Kr. 2200,- for 2 voksne og 2 barn (Kr. 200,- ekstra for ekstra barn)

Fasiliteter

Aktiviteter

  • brevandring
  • fjellriding
  • fjellvandring
  • ridehest
  • rideturer
  • ridning

Kart

Veibeskrivelse

Køyr rv 55 frå Lom sentrum til Galdesand, 20 km, deretter Galdhøpiggvegen til venstre og 5 km fram til Raubergstulen.

Åpningstider

Sommersesongen 2018 (1 jul 2018 - 15 aug 2018)