For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Klimapark 2469 - og istunnelen

TypeBremuseum

Brubakken 2, 2688, Lom

+47 61 21 16 00

Klimapark 2469 - og istunnelen

Om

Klimapark 2469 -  ei tidsreise i istunnelen oppunder Galdhøpiggen. 50 meter inn i isen. 7000 år tilbake i tid. Lærdom for livet. Kvar dag i sommarsesongen. 

Bli med oss til Mímisbrunnr Klimapark 2469 – eit utandørs opplevingsområde 1800 meter over havet. Tør du gå inn og bli med inn i ei verd av iseventyr med ein pallett av farger, ljos og lyd ein berre kan finne i Klimaparken? 

Om turen:
Lett fottur med naturvegleiar som fortel om fjell og klima i utandørs opplevingsområde 1850 meter over havet - toppa med omvising i den fascinerande istunnellen i Juvfonne. Kjenn på islag som er inntil 7000 år gamle, opplev permafrosten som tiner, snøfonna som smelter og la deg trollbinde av fonnefunna som er utstilt i isen: Urgamle redskap, våpen, ski og klede som er gjort i fjellheimen dei siste åra i takt med klimaendringane smeltar snøen frå oldtida.

Tunnelen er hogd inn i isen med gangar og rom og har ein kinosal. Naturvegleiaren tilpassar informasjonen til gruppa, og gjer turen spennande og lærerik også for ungar. Totalt tek den guida turen om lag 2,5 timar. Merk at istunnelen berre er tilgjengeleg saman med naturvegleiar på guida tur. Etter besøket i istunnelen kan du på eige hand ta turen langs stigen bort til utkikkspunktet mot Kjelbreen.

Guida turar to gonger om dagen i sommar. 

Info: 

Guida tur med naturvegleiar to gonger dagleg frå 23.juni til 26.august. I helgane fram til 16.september

2 km vandring inkludert istunnellen

Kle deg i varme klær, lue, vottar og solide sko. 

Oppmøte: Juvasshytta ved Galdhøpiggen - tilgjengeleg med buss og privatbil

45 min køyring frå Lom - 30 min frå avkjørsla frå riksveg 55 på Galdsand

Kafé, restaurant, overnatting og WC ved parkeringa på Juvasshytta

Grupperabatt på guida tur og halv pris på inngangsbillett til utstillinga "Bergtatt" på Norsk fjellsenter i Lom

Booking: www.klimapark2469.no

 

Kontakt: 

T: +47 61 21 16 00

E: post@klimapark2469.no

N: www.klimapark2469.no

 


 

Pris fra

http://klimapark2469.no/booking/

Fasiliteter

Aktiviteter

  • brevandring
  • Guidet tur

Arrangementstyper

  • Natur

Deltagere må ta med

  • varmt tøy

Kart

Veibeskrivelse

Rv 55 mellom Lom og Sogndal. Ta av frå rv 55 ved Galdesand, 20 km vest av Lom. Fjellveg (bomavgift) mot Galdhøpiggen ca 15 km, parkering ved Juvasshytta. Start frå parkeringsplassen.

Utmerkelser

  • SM Miljøfyrtårn

Åpningstider

Opening hours (24 jun 2019 - 25 aug 2019)
DagTider
Mandag - Søndag10:30
14:00
Opening (26 aug 2019 - 15 sept 2019)
DagTider
Mandag - FredagStengt
Lørdag - Søndag10:30
14:00

* Tider og prisar 2019
Vi har dagleg guiding med naturvegleiar desse tidene:

24. juni-25. august: Klokka 10.30 og 14.00.
26. august-15. september: Laurdagar og sundagar klokka 10.30 og 14.00
Vaksen: kr 345
Barn 0-18 år: kr 175
Familie: kr 790 (foreldre med barn under 18 år)
Grupper inntil 20 personar: kr 4000 inkl. guide

Billett i klimaparken gjev 50 % rabatt på inngangsbillett på Norsk fjellsenter i Lom sentrum.