For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Fyrst og Fremst - grottetur i Dumdalen

TypeAktivitetsselskaper

Ulstadveg 26, 2686, Lom

(+47) 93 66 11 18

Caving, jotunheimen, guiding

Om

Kalksteinsgrottene i Dumdalen byr på underlege og utrulege bergformasjonar, og dette i ei stillheit som berre vert avbrote av den mektige elvebrusen som dundrar gjennom dalen.

Kalksteinsgrotter vert danna når vatn trengjer inn gjennom sprekkar i fjellet, og dette vil over tid løyse opp og føre med seg dei svake og vassløyselege bergartane. Grottene vil med det få ulik form, storleik, lengde, høgde og retning, alt etter kva fjellet består av og kor vatnet finn vegen. I Dumdalen, innunder Sognefjellet og vest for Lom, finn vi mange spektakulære grotter. Dei fleste grottene her vart danna for om lag 10 000 år sidan, under den siste istida.

Frå parkeringa ber det innover dalen. Vi startar i det enkle med store opne grotter der lyset kjem inn gjennom sprekkar i fjellet. Lengre inn i dalen vert grottene lengre og smalare, og det einaste ljoset vi har til hjelp er frå hovudlykta vår. Om du ikkje trivst best inne i dei smalaste gangane i fjellet, vil du likevel kunne få ei storslått oppleving i idylliske Dumdalen. Den kalkrike berggrunn bidrege til eit rikt planteliv, og spektakulære formasjonar finn vi så vel ute som «inne».

Kontakt oss for spørsmål og bestilling.

Fasiliteter

Natur og terreng

  • grotter

Kart