For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Fyrst og Fremst - Galdhøpiggen

TypeTopptur sommer

Ulstadveg 26, 2686, Lom

(+47) 93 66 11 18

Fyrst og Fremst - Galdhøpiggen

Om

Med sine 2469 meter over havet er dette både Noregs og Nord-Europas høgste fjell. Dette er ein relativt enkel tur som passar dei fleste, og er veldig godt egna for blant anna barnefamiliar.

Det tek om lag 45 min å kjøre med bil frå Lom og opp til Juvasshytta. Den siste mila frå Raubergstulen til Juvasshytta er det bomveg som kostar kr 100,00 (betalast med kort). Frå Juvasshytta på 1840 m.o.h, går fyrste etappe gjennom steinur i lett terreng inn til Styggebreen der vi bitt oss inn i taulag. Vidare tek det om lag ein time over breen, før siste og tyngste del av turen går opp Piggeura. Totalt brukar vi omtrent 7 timar på denne turen.

Vi tek på oss guiding av både små og store grupper, og legg opp turen etter gruppa sitt nivå og ynskje. Gruppa og opplevinga er i fokus under heile turen. Vi har ikkje daglege turar til Galdhøpiggen, men er klare for tur om du ynskjer eigen guide for familien eller gruppa.

Kontakt oss for spørsmål og bestilling

Kart