For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Fjelleventyret - til fjells på hesteryggen

TypeRidning

Vassvangen 24, 2690, Skjåk

+47 480 86 104

Fjelleventyret - til fjells på hesteryggen

Om

Fjelleventyret - opplev fjellet frå hesteryggen

Fjelleventyret er ei familiedrift i bygda Skjåk i Gudbrandsdalen. Her ligg garden som har 15 islandshester, garden som har utsikt rett inn i vakre Lundadalen som brer seg innover til Breheimen Nasjonalpark. Her kan du bli med på rideturar innover gamle setervegar og til fjells anten du kjem aleine, med en ven eller kjærast, som ein familie eller som gruppe. 

Lundadalen er ein frodig seterdal som ligg i Breheimen nasjonalpark med elva Skjøle som renner med det turkise breevatnet  og titt og ofte padlare som farer forbi. Å oppleve skogen, setervegane og fjellet frå hesteryggen er ei unik oppleving. Vi stoppar opp og nyter ei god niste i fjellet ved elva, og kjennet lukten av lyngen før vi rir vidare.

Rideturar
Vi rir på 4 timers turar innover dalen kvar dag heile sommaren.

Vi har også barnevennlege hestar, så her kan ein fint reise ut på ei stor naturoppleving som familie.

Pris:
Prisen pr person er 730 kr - for ridetur frå bygd til fjell gjennom stier i skogen, seterveger, over elver og lier mot vakre Lundadalen.
 

Velkommen til årets vakraste sommer eventyr!

Fasiliteter

Aktiviteter

  • gårdsferie
  • ridehest
  • rideskole
  • rideturer
  • rideutstyr
  • ridning

Annen overnatting

  • overnatting
  • seter

Arrangementstyper

  • For barn
  • Natur

Dyr/fiske slag

  • hester

Natur og terreng

  • dal
  • grenser til nasjonalpark
  • nasjonalpark
  • natur

Reisepakke

  • aktiviteter
  • arrangement
  • grupper

Spesial

  • fjellområde

Tema

  • Aktiv ferie
  • For hele familien
  • Naturopplevelser

Kart