For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Brimi Eventyr - firmaturar i Jotunheimen og Gudbrandsdalen

TypeGruppeaktiviteter

Brimi Fjellstugu, 2680, Vågå

+47 61 23 20 00

Brimi Eventyr
  • Brimi Eventyr
  • Brimi Eventyr
  • Brimi Eventyr
  • Brimi Eventyr
  • Brimi Eventyr
  • Brimi Eventyr
  • Brimi Eventyr
  • Brimi Eventyr
  • Brimi Eventyr
  • Brimi Eventyr

Om

Brimi Eventyr skreddarsyr firmaturar i Jotunheimen og Gudbrandsdalen med ni forskjellige pakkeløysingar. 

Brimi Eventyr tilbyr bærekraftige firmaturar med relasjonsbygging, gode møter og opplevingar for deg og dine kollegaer. I pakkene våre har vi samla det beste naboane har å by på av stolte mattradisjonar, stor og vakker natur, og levande kultur. Alt sydd saman til ein minnerik og eventyrleg oppleving. 

Turar og aktivitetar i Jotunheimen, kulturopplevingar i bygd og landsby: 
Brimi Eventyr skreddarsyr arrangement med aktivitetar og matopplevingar for deg og di gruppe. Vi set opp forslag til opplevingar og aktivitetar med utgangspunkt i dykkar ynskjer, kor mange deltakarar, aldersfordeling, og kor stort aktivitets- og utfordringsnivå dykk ynskjer. Utgangspunktet for alle aktivitetar er fjellet og skogen rundt om i Jotunheimen. Her er det uendeleg med moglegheiter. 

Våre vertskap: 
Våre gjestar skal alle føle seg som ein heidersgjest. Her sparar vi ikkje på noko. Våre utvalde vertskap gjer alle sitt beste for at du skal vere godt teken vare på, og dei formidlar stolt si historie og sine tradisjonar. Les meir om vertskapa her! 

Våre pakker: 
Brimi Eventyr har bretta opp ermene og knadd saman ni forskjellige pakkeløysingar du kan fråtse i. Individuelle ynskjer tek vi imot med opne armar, og skreddarsyr eit opplegg som blir perfekt for di gruppe. Avreisedagar er måndag, onsdag eller fredag. Desse kan og endras ved behov. 

1: Besseggen – I Peer Gynt sine fotefar
Har du sett den Gjendin-eggen noen gang? Brimi Eventyr og ein kjentmann, tek med bedrifta di til Peer Gynt sitt rike. Saman får kollegane oppleva kniveggen til sjølvaste Besseggen, den storslåtte utsikta og dei vakre fjellvatna med sine fargekontrastar.

2: Besseggen vintertur
Har du sett den Gjendin-eggen noen gang, kledd i hvitt? Over 60.000 går der om sumaren, men få går Besseggen om vinteren. Med våre kjentmenn blir firmagruppa di guida over den kvitkledde eggen, med utsyn til dei majestetiske Gjendealpane og Jotunheimen.

3: Brimi – I naturens kjøken
Har du vore i Brimiland nokon gong? Bli med Brimi Eventyr til landet som ikkje er teikna inn på noko kart, ikkje i atlas eller på globus. Men landet finst; mellom Vågå og Lom. I tre dagar til ende med aktivitet, teambuilding, gode samtalar og mykje god mat og drikke, er målet å lære om og kjenne nye smakar.

4: Djupdykk i Gudbrandsdalen
Bli med Brimi Eventyr på ei reise gjennom Gudbrandsdalen. Vi besøker skulte perler, og syner fram skattar som få har sett og opplevd før. Målet for turen er å få meir kunnskap om det vi er så stolte av; maten, drikka, naturen og kulturhistoria. Vi skur ned tempoet, og legg vekt på samværet i gruppa. 

5: Galdhøpiggen – alle til topps
Har du nokon gong stått på Noregs tak med kollegaene dine? Ikkje? Brimi Eventyr kan gjera dette til ein realitet! Målet med denne turen er at alle skal bestige toppen av Noreg, saman. Men det stoppar ikkje der. Dagen før vil det bli aktivitetar som vil styrke samhaldet i gruppa, og sjølvsagt; mykje god mat og drikke.

6: Gastronomi i Jotunheimen
Har du nokon gong teke med deg dei ansatte på ein matoppleving dei aldri kjem til å gløyme, og som det vil gå gjetord om? Brimi Eventyr gjer den ordinære firmaturen om til ei gastronomisk reise gjennom Gudbrandsdalen og Jotunheimen tre dagar til ende. Målet er lære om den opprinnelege smaken.

7: Hengekøyenatt i Jotunheimen
Har alle i firmaet ditt sove saman under open himmel før? Brimi Eventyr har sett saman eit raust & røft opplegg, der du søv under open himmel i hengekøye den siste natta. Målet for turen er at samhaldet i kollegialen skal styrkast gjennom opplevingar, kappleik med naturen som kulissar, og sjølvsagt eit påfyll av god mat og drikke.

8: Råtassen i Jotunheimen
Kunne du tenkt deg å vore med på ein av Noregs råaste skitur tilpassa di bedrift? På denne turen bestig du Noregs høgste fjell, du kryssar fem isbrear, du får anledning til å plukke med deg fleire 2000 meterstoppar, og det i Noregs vakraste fjellområde; Jotunheimen.

9: Sporval – Bevisst bedrift
Er bedrifta di oppteken av sporval? Bli med på eit bærekraftig eventyr i Jotunheimen, med bevisstgjøring og læring. Her blir det ei lærerik reise i istunnelen i Klimapark2469 og på Norsk Fjellsenter, smak og lære om norske mattradisjonar og kulturhistorie. Målet er at bedrifta gjennom læring, skal bli meir bevisst på eiga sporval, eller miljøavtrykk om du vil.

Har du spørsmål, eller ynskjer å bestille tur, ta kontakt med oss: 

Tlf: 61 23 20 00 yngve@brimieventyr.no | heidi@brimieventyr.no 

Kart