For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Bike & Hike Jotunheimen

TypeSykling

Fjellvegen 1570, 2683, Tessanden

+ 47 941 77 712

BikeandHike_Vidar Glende_Foto_Kjell Erik Reinhardtsen
  • BikeandHike_Vidar Glende_Foto_Kjell Erik Reinhardtsen
  • BikeandHike_Vidar Glende_Foto_Kjell Erik Reinhardtsen
  • BikeandHike_Vidar Glende_Foto_Kjell Erik Reinhardtsen
  • BikeandHike_Vidar Glende_Foto_Kjell Erik Reinhardtsen
  • BikeandHike_Vidar Glende_Foto_Kjell Erik Reinhardtsen
  • BikeandHike_Vidar Glende_Foto_Kjell Erik Reinhardtsen
  • BikeandHike_Vidar Glende_Foto_Kjell Erik Reinhardtsen

Om

Bike & Hike Jotunheimen  - elektrisk sykkeleventyr året rundt. 

Jotunheimen og dei eventyrlege fjelldalane rundt er eit mekka for alle syklistar i alle aldre og ambisjonsnivå. På fulldempa elektrisk stisykkel frå Bike & Hike kjem du dobbelt så langt – og opplever dobbelt så mykje– utan å bli halvparten så sliten.

Våre fulldempa elektriske stisyklar er toppmodellar av ypperste kvalitet, enkle å bruke og utstyrt med kraftig el-motor. Vi tilbyr både rein utleige av el-syklar og skreddarsydde sykkelturar med guide. 

Med fulldempa elektrisk stisykkel treng du verken syvmilsstøvlar eller stålkondis for å kome deg langt til fjells. 
Opplev fjellheimen på to hjul og med lav puls!


Bike & guide - eventyr etter din smak:
Gløym stive fjellstøvlar, verkande gnagsår og tung ryggsekk: I Bike & Hike er målet vårt å gjere dei mange opplevingane, fjellidyllen og godbitane i og rundt Jotunheimen tilgjengeleg for mange fleire. Vårt framkomstmiddel er elektriske stisyklar. Våre leikeplass er heile fjellheimen. Våre matfat er fylt med godbitar frå lokale bønder, jegarar, fiskarar og bryggmeistarar. Vår lidenskap er stisykling i eventyrleg kulturlandskap og fjellterreng. Alt du treng å gjere er å fortelje oss kva du ynskjer at ditt elektriske sykkeleventyr skal innehalde.

Bike & Hike har base på Lemonsjø Fjellstue - perfekt plassert for deg som oòg skal besøke Besseggen, Galdhøpiggen, Glittertind, raftingelva Sjoa eller ta deg ein kanelsnurr på Bakeriet i Lom. 

Prisar for sykkelguide: 
3000 kr per dag // 2000 kr for halv dag. Gjeld for grupper opp til seks syklistar. Pris kan variere med type sykkeltur og tal deltakarar. Leige av stisykkel kjem i tillegg.

Kart