For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Bading i Lom

TypeBad

2686, Lom

+4761212990

Product Image

Om

Om du ynskjer deg ein kjapp dukkert når du er i Lom nasjonalparklandsby, er det to moglege badeplassar nær Lom sentrum. Den eine er ved Liabrua omlag 7 km øst for sentrum i retning Otta. Følg skilting til Lia bru. Rett på andre sida til venstre finn du badeplassen.

Den andre badeplassen er omlag 400 m frå Lom sentrum ved Ottadalen Mølle. Ta rv 15 frå Lom sentrum ca 400 m vestover mot Stryn. Ved Ottadalen Mølle går vegen til høgre, deretter fyrste til venstre og enda ein gong til venstre.

Det er og mogleg å bade i elva Bøvra, rett nedanfor Nordal turisthotell, der det er ei lita strand. Vêr obs på straumen i elva, og hald deg nær land! 

Kart