For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Aukrust gard og urteri - gardsbutikk, urtehage, utstilling og servering.

TypeBarn/Familie

Solsidevegen 449, 2686, Lom

+47 61 21 12 15

Aukrust gard og urteri

Om

Aukrust gard og urteri - gardsbutikk, urtehage, utstilling, servering.

Aukrust Gard og Urteri ligg på Solsida i Bøverdalen, ved foten av Lomseggen (2068 moh), omlag 5 km. frå Lom sentrum. Garden er driven bio-dynamisk sidan 1986. Her er det urtehagar med 200 ulike urter, gardsbutikk, servering etter avtale og arrangement i «Hågå-huset». Kyr, griser, høner og kattar fins rundt tunet. Diktaren Olav Aukrust vaks opp her - med Flåklypa som nabo!

"Nordens Provence":
Her kjem du til solbrune tømmerhus i «Nordens Provence», i ein jordbrukskultur der Vår Herre sjølv sørger for sol og vi sjølve må sørge for vatn til markens grøde. Altså eit klima godt eigna for blomar og urter, som du finn i den viltre urtehagen. Solrike dagar og tørt klima gjev plantene kraft og aroma. Nordgard Aukrust har landets største utval av økologisk  te og krydder, basert på det det dyrkjar sjølve. Du kan når som helst vandre på eiga hand med ein skriftleg førar for dei vanlegaste artane. Ynskjer du omvising, ta kontakt for å avtale tidspunkt. 

På garden har dei i  heile 25 år arbeidt med urteforedling, i gardens urteri. Her blir det laga eit stort sortiment basert på sjølvdyrka vekster. Dette finn du i gardsbutikken - med stort urtesortiment og spekepølser. Dessutan er det sal av eigne grønsaker og diverse økologiske varer i gardsbutikken.

Til bio-dynamisk drift høyrer allsidigheit og helst kyr. Våre tilbring sumaren på setra Ulvåt øvst i Bøverdalen. Garden vert dreven av Franziska og Ola Aukrust, med fem småbarn, – og gode hjelparar i form av medarbeidarar og praktikantar.

Velkomen til urteparadiset! 

Fasiliteter

Museum, gallerier og kunsthåndtverk

  • omvisning etter avtale

Kart

Veibeskrivelse

Vegbeskrivelse: Frå Lom sentrum; følg riksveg 15 mot Skjåk, etter 500 m. ta fylkesveg 467, ca. 5 km. Følg skilting opp til Nordgard Aukrust.

Åpningstider

Opningstider (29 jun 2019 - 12 aug 2019)
DagTider
Mandag - Søndag11:00 - 17:00

* Gratis inngong heile året.
Guida turar etter avtale.
Ta kontakt på epost: aukr@online.no

Sjå meir

Nordgard Aukrust, herb garden and local food shopNordgard Aukrust - gardsbutikk, Lom

Flåklypa i Bøverdalen, LomNamnet Flåklypa kjem av to steinar som ligg i elva Bøvra ved Flå i Bøverdalen i Lom. Her henta Kjell Aukrust ideen til filmsuksessen "Flåklypa Grand Prix".