Topptur:Storebjørn 2222 moh. med Aktiv i Lom

TypeSport

Myravegen 8, 2687, Bøverdalen
Product Image

Om

Vårskisesongen fortsett utover juni så lengje me har skiføre, ein unik moglegheit i år!

Vårskisesongen vart ikkje som planlagd -men om me tek dei førehandreglane som er lagde per dags dato let det seg gjere å få fine dagar i Jotunheimen i mai!
Me rettar oss difor etter fylgjande:
- all aktivitet og kommunikasjon i samband med turen føregår utandørs.
- Maks 6 deltakarar og gjeldande corona reglar vil til kvar tid verte fylgd. Overnatting ordnast av kvar enkelt.
Påmelding og spørsmål kan rettast til post@aktivilom.no

1.mai Veslebjørn 2150 moh.
2.mai Kalven 2034 moh.
8.mai Storebjørn 2222 moh.
9.mai Kalven 2034 moh
15.mai Veslebjørn 2150 moh
16.mai Store Smørstabbtind 2208 moh.
 

Dei fleste av turane eignar seg både for fjellski- og randoneé-ski - er du usikker så spør oss!
Kunnskapsnivå: Middels

Om nokon ynsjer turar på andre datoar så berre ta kontakt.

Pris:
1300,- for 1 tur
1200,- for 2. turen
1100,- for 3. turen

Minimum 2 påmeldte per tur for at turen skal verte gjennomført.

Påmelding til post@aktivilom.no

Me tek atterhald om at vêr- og føreforhald kan gjere det naudsynt å endre turmål

Kart