Lom skifestival // Vinterens fyrste og trivelegaste skieventyr

TypeFestival

2686 Lom, 2686, Lom

61 21 16 00

Product Image

Om

Er du chionofil? Møt likesinna på Lom skifestival 2021 - vinterens fyrste og trivelegaste skieventyr!
Allereie i november, når regnbyene står i kø i lågland og by, er snøen og skiføre på plass i Jotunheimen - og vi inviterer snøelskande og skiglade folk til å starte sesongen saman med oss på Lom skifestival. Festivalsnøen finn vi på Sognefjellet i Jotunheimen, medan filmar, foredrag og sosialt samvær finn stad på Norsk fjellsenter og Nordal turistssenter i Lom.
Lom skifestival er gode dagar med ski på beina, krona med bål, film, foredrag og fine folk! Sving deg med!
"Chionofil – ein organisme som trivst best i snø og kulde"
Med festivalpass får du:
• melde deg på guida turar til vinterens fyrste snø
• foredrag og film på Norsk fjellsenter
• enkel middag på Norsk fjellsenter fredag
• festivalmiddag og pub på Nordal turistsenter laurdag
• fri inngang til utstillinga Bergtatt på Norsk fjellsenter
• deltaking på workshops om ski, snø og tryggleik
• kaffi, bål og turtips
• tilgang til demoutstyr og vegleiing
• gode prisar på overnatting
• sjanse til å vinne råflotte premiar
Les meir på https://lomskifestival.no/

Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Festivalen har gode sponsorar i Fri Flyt, Haglöfs, VPG, Ficsher, Nasjonalparkriket, Miljødirektoratet og Regionrådet Nord-Gudbrandsdal.

Kart