Galdhøpiggen // Åpen tur

TypeFriluftsliv

Lom, 2686, Lom

966 46 116

Product Image

Om

Galdhøpiggen er det høgaste fjellet i Norge og Nordeuropa, samtidig er det ein topp mange kan klare å nå. Vi tilbyr guidaturar og held eit lågt antall gjester per guide (15stk), for å ivareta sikkerheiten og kunne leggje til rette for at det vert ei best mogleg oppleving for alle som er med oss på tur.
Turen startar frå Juvasshytta, og tek om lag 7 timar. Ynskjer du ei meir privat oppleving eller ekstra tilpassing, er det også mogleg å bestille privat guide på valfri dato til di gruppe.
_____
Våre åpne turar går kvar måndag, onsdag, fredag og laurdag frå 27. juni - 14. august. Med forbehold om kapasitet.
Påmelding må skje innan kl. 18:00 kvelden før. Bestilling kan gjerast på vår booking-side, eller til post@fyrstogfremst.no.
Oppmøte: kl. 08:00 på parkeringa på Juvasshytta
Minimumsantall for gjennomføring: 3stk
Pris vaksen: 550,- per pers
Pris barn (<13år): 500,- per pers (inkluderar nødvendig breutstyr)
_____
For meir informasjon, inspirasjon og bilete frå turen til Galdhøpiggen, gå inn på www.fyrstogfremst.no/galdhopiggen. Vi kan og anbefale å sjekke Visit Jotunheimen for gode tips til andre aktivitetar, overnatting og mat-opplevingar i området!

Kart